onsdag 10. februar 2010

Bonus materiale!





Her er det etterlengta bonusmatrialet! Vi har mellom anna ein eksklusiv film frå United kampen! Enjoy! Desverre vil ikkje den filmen lastast opp no, men kanskje den er meir samarbeidsvilli seinare i dag =)

mandag 8. februar 2010

Vel heime...

Om nåken var bekymra for om turen heim gjekk skeis... Fortvil ikkje! Vi er begge vel heime, og folket har, som de ser fått sin del av TaxFree shoppinga!



Takk for alle som har fulgt oss! Bonusmateriale ifrå turen vil kome iløpet av morgondagen!

søndag 7. februar 2010

Premie!

På quiz nr. 4 får alle saman godkjent rett svar, utanom Vegard som kopierte svara til dei andre.
Den heldige uttrekte vinnaren av ein Sjømannskyrkja forundringspakke er.....
Øyvind EC!




Vi, i samarbeid med Sjømannskyrkja, gratulerer!

Sorry, we're closed...

Eigentleg skulle vi på kino for å sjå Sherlock Holmes, og den lokale guiden (Martine) meinte at det var så mykje reklame i starten av filmen at det ikkje gjorde noko at vi kom 25 min etter at den skulle byrje...



Der bomma vi litt. For kinoen var nemleg stengt når vi kom fram, så no vert det istaden heimekino på Sjømannskyrkja!

Quiz nr. 4

Dagens quiz handlar om Sjømannskyrkja, og premien er også levert av Sjømannskyrkja i London!
Spørsmålet er som følgjer:
Når vart den noverande Sjømannskyrkja i London bygd?
Du har høve til å svare fram til kl 2400 norsk tid!
Lukke til!




Sunday morning...




No har vi nettopp våre med på gudsteneste i Sjømannskirka! Etterpå fylgde sjølvsagt kyrkjekaffi med kaffi og vafler!

lørdag 6. februar 2010

Premie


Premie i dagens quiz er rett og slett ei Manchester United drakt!
Kjøpt på United Megastore i Manchester!
Denne flotte kvite drakta er i str. L og vi håpar at vinnaren, Karl Artur kjem til å passe fint i akkurat denne trøya!
Som de ser har også vi kjøpt oss heilt nye og flotte drakter!

No er det snart duka for indisk takeaway på Sjømannskyrkja, med påfylgjande film og is!